Valkyria


Valkyria: Ustoppeleg og modig

- Eg har starta eit designprosjekt som heiter Valkyria. Valkyria er mitt alter ego, ei krigarkvinne som reiser seg frå oska og vågar tru ho er noko. Valkyria er ustoppeleg og modig. Nettstaden heiter Valkyriesystre, dette speglar ei viktig målsetjing: nemleg å lage god design for medsystre. Namnet opnar for samarbeid med andre kreative personar, fortel Gunn Wester, kvinna bak det spanande designprosjektet.  

Gunn har BA i fashion & textile design frå Nuova Accademia di Belle Arti i Milano, noko som skaper eit spennande tilhøve til hennar tidlegare bakgrunn med øko-agronomi utdanning frå Sogn Jord-og Hagebruks- skule i Aurland, og tung erfaring frå økologisk jordbruk.

Norske røter møter italiensk eleganse
Gunn kjem frå ein familie der det er sterke og ubrotne tradisjonar for å halde husdyr og foredle ymse produkt, og tradisjonar knytta til handsaming av ull og ysting har på særskild vis fanga hennar interesse. Det er område der ho har søkt fordjuping og perfeksjon. Jakta på den perfekte geitosten eller det perfekte garnet.

Med slik interesse var det duka for trivsel i Italia, landet der ein kan finna begge delar i rikt monn. Gunn kom til Noreg frå Italia med solid respekt for skreddarkunst generelt og italiensk design spesielt. I design frå Valkyria ynskjer ho å la sine hardkokte norske røter i tradisjonshandtverk møta eleganse inspirert frå italiensk design.

Valkyria er navnet på pret a porter design som er handlaga i organisk eller resirkulerte materiale. Men det er òg namnet Gunn nyttar som tekstilkunstnar. Våren 2010 starta ho ein produksjon av ein spesiell Haute Couture serie. Den skal synast i sin heilskap når den siste er klar.

Dette er eit storverk på 13 heile antrekk. Kvar av dei 13 fortel sin del av kvinnehistoria slik Valkyria ser den. I skrivande stund er nummer 6 omtrent ferdigstilt og nummer 7 er påbyrja. I alle antrekka er tekstilhandverket strekt opp mot kunst, skreddarsydde skulpturar (wearable art) med påkosta detaljar. Antrekka kjem til å visast i ein performance. Gunn er djupt inspirert av Judy Chicago og Marina Abramović.

Symfoniar av utrulege ingrediensar
- Moten står i ei særskild stilling, som eit knutepunkt mellom ulike kunstretningar som til dømes musikk, teater, performance og dans, mellom arkitektur, scenografi, og handtverk. Moten kan vere ein samtale, ei samhandling eller ei opponering frå subkultur mot mainstream. Mote er på sitt beste ein avansert flørt, ein ubesværleg leik eller ein frekk påminnar. Mote kan vere ei heksegryte som skapar symfoniar av utrulege ingrediensar, seier Gunn.

Andre viktige inspirasjonskjelder er naturen, urban subkultur, musikk, dans og samspel med dyr, framfor alt hest. Sidan sommaren 2011 har Gunn eigd ein spansk hest. Dette kjem til å setje spor i hennar design framover. Ekstravaganse, eleganse og slitestyrke i klede inspirert av ryttarfolk opnar for eit stort spennande hav av inspirasjon.

I alt arbeidet Gunn gjer ligg det respekt for kvalitet og sans for detaljar. All pret a porter produksjon vert handlaga som unike plagg eller produsert i små nummererte seriar. Alle produkt har merkelappar med Gunn sine eigne illustrasjonar.

Sykurs
- Forresten så har eg tenkt å begynne å arrangere sykurs, legg ho til.
- Eg ser for meg eit opplegg der deltakarane tek mål av seg og sender meg, så konstruerer eg eit grunnmønster. For eksempel kjole med snitt, viss deltakarane er nokså avanserte. Eller grunnmønster til skjørt og enkle topper dersom dei er nybyrjarar. Dette er eit fabelaktig grunnmønster. Det kan brukas som utgangspunkt til eit utal kjolar, tunikaer og bluser for eksempel. Dersom det fins ein veninnegjeng som ynskjer å høgne kvaliteten på syklubben, så er eg mobil.

Ho inviterer alle som kan vera interessert til å ta kontakt!

 


FAKTA:
- Gunn Wester, fødd i 1977
- Bur i Grue Kommune i Hedmark
- Arbeider i eige ateliè
- Utdanning: BA i Fashion & Textile design frå Nuova Accademia di Belle Arti i Milano, Kunsthistorie «grunnfag» frå Universitetet i Bergen, Asker Kunst & Design College, Øko-Agronomi ved Sogn Jord- og hagebruksskule.

Utsal:
- Eit utval varer er tilgjengelege i Birka sitt utsal på Berkåk, hovedutstillar i mai
- Eigen nettstad med nettbutikk: www.valkyriesystre.no
- Accessories til sal ved X-Lab Gallery i Berlin
- Accessories til sal hjå Kvinnemuseèt på Kongsvinger
- Gåvekort til sals hjå Klart Glass på Tjura

Tidlegare utstillingar:
- Pitti Filati, Firenze sommer 2007
- Skulptur/Performance, Spazio Flos, organisert av Vivienne Westwood Italia, 2007
- Foto utstillingar ved Tjura Cafè i samband med Kultur ruta i Grue 2010 og 2011
- Utstilling av tekstil installasjon ved Kvinnemuseèt på Kongsvinger frå mai 2011 til mars 2012



Birkas begrunnelse for å kåre Valkyria lyder:
Gunn Wester/ Valkyria lager klær som gir glade assosiasjoner, ofte med fargerikt og sprudlende uttrykk. Klærne, tilbehøret og kunsten er samtidig laget med utgangspunkt i kunnskaper om blant annet historie, kvinnekamp og mytolog, og med et bevisst forhold til miljø og bærekraftig produksjon. Gunn er allsidig og entusiastisk, og lager flotte og morsomme klær og produkter, med et budskap om styrke og livsglede.




comments powered by Disqus




Valkyria
Åsvegen, Tjura
2260 Kirkenær

Mobil: +47 913 30 988
www.Valkyriesystre.no
valkyriesystre@gmail.com