ovrebo human 01

Med omtanke

Publisert: 01. Juli 2014

 

«Laga med omtanke, gitt med omtanke», er slagordet i smykkeproduksjonen til Anne Lise Øvrebø, som er kåra til månadens handverker i Birka juli. Som gullsmed og filigransarbeidar kombinerer ho godt, tradisjonelt handverk med ny teknologi i verkstaden på Ålhus i Jølster.

Handverk og teknologi
Anne Lise jobbar mest i sølv, men dei fleste gifteringar og enkelte andre produkt lagar ho i gull. Mykje vert laga direkte i metallet med sag og fil, det vil si handlaga, medan ein del andre smykke får ho støypt hos Edelmetallstøperiet som er profesjonelle på støyp.

- Eg investerte i 2008 i 3D-teikneprogram av smykke og kjøpte voksfres. Dette er eit fantastisk verktøy som eg brukar til dei produkta som det passar til. Mykje eg har laga til no hadde ikkje latt seg gjere utan dei hjelpemidla. Å kombinere eit av dei eldste handverkfaga med moderne teknologi har gitt meg fleire bein å stå på og eg kan møte kundane med større kunnskap og kreativitet.

- Å skape noko, bruke verktøy, vere nøysam og nøyaktig, teikne og vere kreativ, alt dette likar eg, fortel ho.

Eigen bedrift
Etter enda læretid gjekk Anne Lise på etablererkurs i regi av Innovasjon Norge, og når forretningsplanen var klar, starta arbeidet med å pusse opp lokalet som skulle verte arbeidsplassen hennar. Gullsmedverkstaden og galleriet på Ålhus i Jølster, rett ved E39, opna i 2003.

- Sidan det er få  arbeidsplassar i gullsmedfaget, spesielt her i Sunnfjord var planen heile tida å starte eiga bedrift. I løpet av desse 11 åra har eg fått tre barn, so det har vore litt av og på, og til tider utfordrande å tenke langsiktig og ryddig. No er to på skule og ei i barnehage og tida er inne for å utvikle bedrifta, seier Anne Lise.

Rikeleg historie
Gullsmeden meiner ho er heldig som bur og har røtene sine i Jølster, ein plass som har rikeleg med historie og kultur ivareteke. Til dømes har ho brukt eit vevemønster i utgangspunkt til kolleksjonen Valmue. Vevemønsteret er teikna av Nikolai Astrup som budde på Ålhus og i Jølster.

- Vi har ein gammal utskoren sofa i den gamle stova i huset vårt, vevetrekket på sete og rygg har dette flotte mønsteret. Det same har eg gjort med eit ‘typisk’ jølstraåkle med mønsteret ‘Samrose’. Den aller første kolleksjonen designa eg då eg budde i Oslo, motivet der har også sitt utspring frå historie her i kring, fortel ho, og held fram: - Det er stas å finne slike skattar og ta dei vidare på min måte med mitt handverk, slike smykke er populære gåver.

Egen stil og personleg tilpassing
Anne Lise har etter kvart utvikla sin eigen stil på smykka, samtidig låser ho seg ikkje til eitt og same uttrykk. Den eine ideen avløyser ofte den andre, og som regel dukkar dei beste ideane opp midt i eit anna arbeid, fortel ho.

- Og eg legg vekt på at smykka skal vere solide og tole dagleg bruk, eg sparar ikkje på godset og likar at mange av smykka har tyngde. Elles lagar eg veldig mykje personleg tilpassa smykke. Det er også muleg å ta utgangspunkt i eit smykke som eg har i kolleksjonen og lage personlege detaljar på dei, forklarar ho.

Mange roller
Øvrebø Smykkeverkstad er eit enkeltmannsføretak, der Anne Lise sjølv gjer alt frå teikning, produksjon, og marknadsføring, til vasking, maling og skifting av lyspærer, kort sagt alt frå A til Å.
- Men eg likar å ha det slik! Ein er likevel ikkje god på alt, skulle ønskje eg var meir strukturert og ryddig. Verkstaden er kaos, men ryddar eg finn eg ingenting att, ha, ha. Eg har vel det ein kan kalle system i rotet... No er eg på eit stadium der eg ser at det kunne vore heldig om eg hadde nokon som kunne gjere enkelte arbeidsoppgåver slik at eg fekk meir tid til produksjon, innrømmer ho.

- Kva skjer hos Øvrebø Smykkeverkstad akkurat no?, spør vi.  
- Eg har mange ‘ild i hjernen’ for tida. I desember 2013 starta eg for fullt att på verkstaden etter tredje mammapermisjon. Har jobba litt heile tida undervegs, men no er det full rulle. Det har vore veldig travelt i heile vinter, mykje bestillingar og noko å gjere heile tida. Per i dag ser framtida lys ut soleis, men ein kan aldri kvile på laurbæra, ein må berre stå på, lyer svaret.



Birkas grunngjeving for kåringa
Anne Lise Øvrebø er ein dyktig, ung handverksutøvar, med ein eigen stil og eigne idear. Ho satsar friskt, og kombinerer tradisjonelt handverk med moderne teknologi, noko som er med på å gjera bedrifta levedyktig. Vidare orienterer ho seg mot kunden ved å tilby personleg tilpassa smykke, samtidig som ho sender eit blikk mot lokal historie og kultur. Smykka har eit reint og vakkert uttrykk.

 


Fakta om Øvrebø Smykkeverkstad
• Drivast av Anne Lise Øvrebø, gullsmed og filigransarbeider
• Har gått gull- og sølvsmedlinja i Valle i Setesdal, og Reklame, illustrasjon og design
• Gikk 2 års læretid hos Hasla i Valle, og tok sveineprøve i filigransarbeidarfaget, og gullsmedfaget
• 1 års lærlingtid hos Goldline Ulf Larsen i Oslo
• Sel smykke via eige galleri på Ålhus, og via eigen nettbutikk og sosiale media
www.facebook.com/alovrebo
• Instagram: smykkeverkstad

 

 

Favoritt


Logg inn eller registrer deg