YR og glad design

Publisert: 01. April 2014

 

I april er det Jorunn Ygre Rogne og Yr Design som er kåra til månadens handverkar i Birka. Jorunn er sjølvlærd keramikar, og gjenstandane ho lagar er kjennetega av særeigne overflater. Det er likevel dei humoristiske og fantasifulle hønsefigurane ho er mest kjent for: Både frittståande, liggande og hengande høns i talrike former og farger klekkas ut i verkstaden hennes i Kongsberg.


Eigen stil
- Kreativitet er å finna opp, å eksperimentera, å veksa, ta sjansar, bryta reglar, gjera feil – og ha det moro. Med dette som ”leveregel” har det vore fint å jobba seg fram som sjølvlært, og å finna sin eigen stil, noko eg får mykje tilbakemelding på, fortel Jorunn, og held fram: - Eg legg stor vekt på heilskapen mellom form og dekor.

Ho jobbar med steingodsleire og spektrumfargar (smeltebegitning), og byggjer gjenstandane eller brukar former. Skravureffekten har blitt eit varemerke for henne, og ho arbeider mykje med overflata. Blanke og matte flater mot kvarandre skaper spenning.


Morsame høns
Hønsefigurane har blitt Jorunn sitt ”varemerke”, enten dei er frittståande, hengande, liggande, i hønekasse, - eller i eggs form, for den del.

- Det er mykje artig hønehumor å ”krydra” med, som til dømes ”Kvar mann si høne” – fritt etter Lars Sponheim. Og ”Hønene har eit stort hjarta sjølv om hjernen er liten…”, ler ho.

Elles lagar ho blant anna lysestakar, urner, krukker, vasar, veggamplar, bordfat og veggfat.


Mykje uskapt
- Eg hadde så mykje uskapt, så derfor vart det leire på heiltid for meg frå hausten 2006. Etter 26 fine år som lærar i grunnskolen på Kongsberg, sa eg  opp lærarstillinga mi og ”kasta meg uti”, fortel Jorunn, som eigentleg er  Vossajente, men har budd på Kongsberg mesteparten av sitt vaksne liv.
I 2001 fekk ho Solsikkeprisen som beste utstillar på Kjerringtorget i Nesbyen. Dette vart eit vendepunkt.

- Det vart ein kjempeinspirasjon. Folk sette pris på produkta mine, ideane byrja å bobla for alvor, dagane vart for korte – og eg tenkte: ”Seinare vert det ofte for seint ”. Eg måtte ta eit vegvalg.
Som keramikar er ho altså sjølvlært.

- Eg vart fortapt i materialet som 17-åring etter eit keramikkurs. Opp gjennom åra har eg eksperimentert mykje, prøva og feila og lært mykje om det utrulege materialet, forklarar ho.


Å gi det vidare
Jorunn fortel at det å få litt avstand til travle dagar i verkstaden, kan føra til at nye idear dukkar opp.
- Den daglege turen i skogen - til fots eller på ski - kan vera fruktbar. Og det første krakelerte islaget på sølepyttane har alltid fasinert meg, og er så overførbart til skravureffekten. Eg er glad i hage og blomar, difor er tulipanen ei trufast form i dekoren. Bladforma er også god å jobba med.

Det at folk set pris på produkta, inspirerer henne storleg.

- Godt sal, og gode tilbakemeldingar i løpet av messedagar er drivstoff som varer i lange og iherdige jobbeperiodar. Fleire prisar for produkt og stand har også løfta meg, fortel ho, og avsluttar:

- Anne Grete Preus har sagt det godt:  «Å skape uten å gi det videre, er like meningsløst som å tale uten at noen hører på».


Birka si grunngjeving for kåringa
Jorunn Ygre Rogne lagar særeigen keramikk i høg kvalitet. Både overflata på gjenstandane, og dei fjørkre-inspirerte figurane er lette å spore tilbake til henne. Ho legg stor vekt på heilskapen til produkta, og har lang erfaring med materialet. Ho bruker humor i produkta, som ber vitne om stor skapartrong og sterk stilsans.



Fakta om YR Design
• Jorunn Ygre Rogne driv Yr Design som eit enkelmannsføretak
• Lagar bruks- og pyntegjenstandar som lysestakar, urner, krukker, vasar, veggamplar, bordfat og veggfat
• Signaturproduktet er hønse- og eggefigurar i ulike former og fasongar  
• Produkta blir selt i fleire galleri, på utstillingar, og på messer. Sjå heimesida www.yrdesign.no

• Bakgrunn /opplæring
 - To år på Voss husflidskule
 - Tre år på allmennlærarskulen på Notodden
 - Eit år vidareutdanning i tre/metall på Notodden
 - 26 år som lærar i grunnskulen i Kongsberg. 21 år av dei som faglærar i kunst og  handverk i ungdomsskulen, og 15 år som øvingslærar for studentar på faglærarlinja i Kunst og Handverk på HiT.

• Utstillingsplanar for denne våren/sommaren er:
 - Elverum Kunstforening med Norske Brukskunstnere
 - Sommarutstilling på Auli Mølle - Nes Kunstforening
 - Sommarutstilling på Galleri Rønningen, Kilebygda – Skien
 - Sommarutstilling på Bø Prestegard – Telemark
 - Sommarutstilling på galleri Milla på Aukra - Molde
 - Handverksmessa i Jondal – Hardanger

 

 

Favoritt


Logg inn eller registrer deg