FonnDesign v/Oddlaug Fonn Skaar

Tekstilar i ny design. Bruks- og veggtekstilar der element frå bruksting kan gje inspirasjon til unika og omvendt. Material, fargar, teknikk, mønster, struktur, kvalitet er stikkord i veven. Eit samspel. Harmoni. Eller kontrastar. Motsetningar. Ein søken etter det reine uttrykket. Og alltid ein søken etter nye utfordingar - å «lande» ein ide!

Oddlaug Fonn Skaar har utdanning frå husflidskular og Statens lærerhøgskole i forming, Oslo. Ho er medlem av Husflidshåndverne. Tekstilane vert selde frå verkstad i Breim i Nordfjord, messer og utstillingar. Og ta gjerne kontakt om du ønskjer noko spesielt.


FonnDesign v/Oddlaug Fonn Skaar
Flølo
6827 BREIM

Logg inn eller registrer deg